Berre litt tekst
Kvifor skal eg slite med å legge ut bilder?!? Det he eg hatt problem med sidan eg fekk mac. Teit..
Eg he dei siste dagane prøvd å legge ut bilder her, men he no gitt opp. Men skriv litt forde:)
På laurdag var eg på reiselivsmessa i Lillestrøm. Eg stod på stand for sjømannskyrkja. "Vil du ha ein sjømannskyrkjevaffel?" sa eg ganske mange gonger, samtidig som eg delte ut info. Veldig kosleg, men lang dag! Eg var der frå opning kl.10 til nesten slutt kl.18.
Sondag var eg sliten etter gårsdagen. Så det vart ein roleg dag med sport på tv og lesing. Kvelden var eg på møtepunkt.
I dag har eg vore på Ullevål. No har eg blitt ordentleg blodgiver:) Vart tappa 450 ml blod (10-12% av blodvolumet) det er ein del det. Så eg fekk beskjed om å ta det med ro resten av dagen. Eg har lest litt pensum i dag, men he ikkje følt meg heilt i form. He vore trøyt og kald. Kanskje det he noko å gjere med at eg he tappa blod i dag?
I morgo er det jobb att.
Dette får vere nok for i dag. Satser på at det blir meir bilder seinare!
Eg ynskjer DEG ei GOD vike!