Sørlandshelg
Fredag tok eg bussen til Lillesand for å besøke Carina m/fam. Litt problem vart det på reisa. Fyrst slutta aircondition å funke, deretter streika bussen. Alle måtte ut og vente i ca. 15 minutt før det kom ein ny buss. Litt action i kvardagen:) 
Laurdag var det fint vårvér! Mi vart ein god gjeng som møttes i Lillesand by. Ein fin dag med café, butikkar, parkliv og kosleg prat med folk eg ser for sjeldan. Godgjengen bestod av Carina m/fam, Inger Malene m/fam, Hanne, Ole Kristian, Jon og Ragnhid. 
Store og små koste seg i sola
Laurdag kveld var Carina og eg i Grimstad. Der var mi med Helene på café. Ho hadde gjort som meg og reist frå Oslo denne helga.
Sondag formiddag traff eg Lene og gutta. Stian, Frida og eg var med dei på leikeplassen (slik at mamma Carina kunne ordne litt inne til den store festen.)
Før eg drog tilbake til Oslo på måndagen, var eg på café med Arnhild. Ho he eg ikkje sett på over eit år. Difor var det utruleg kosleg å sjå ho igjen! Det skal ikkje bli like lenge til neste gong mi sjåast!
Eg he hatt nokre deilige dagar i sør! Eigentleg så he eg ikkje godt av å vere der, for eg får bekrefta kvar gong eg er der at det er mykje flotte folk som bur der.
Fin gåve



Beate
28.feb.2012 kl.23:28