Møtepunkt

For unge og gamle?;)

For unge og gamle?;)
Herborg er dyktig!


Eg synest dette bilete av Signe og Arne Olav er berre heilt skjønt!
Det er ho andre tanta (Anette) som he teke de.
Her kan du sjå fleire fine bilete: http://www.anetteshus.com/2012/05/vi-har-ei-tulle-3.html
Kanskje litt tidleg å begynne å sjå kor mange ord eg he skrive på oppgåva når eg berre he 429 av 5000...

Mamma var så heldig då det var jolebasar i sjømannskyrkja at ho vann minicruise for to frå Oslo til København. Jorunn og Audun skal slutte i jobben i kyrkja, så då ville mi benytte okkon av minicruiset før dei flytter. Mi drog laurdag kl.17 frå Oslo. Mi åt god mat, handla litt i taxfree og slappa av. Då mi kom til København kl.10 på sondag, drog mi rett til kyrkja. Det var to dåp og eit kor som song i gt. Under kyrkjekaffien var det ein gruppe som spelte trekkspel.
Det var merkeleg å vere tilbake. Kjekt å treffe att kollegaer, dei eldre og studentar. Det vart mange gode klemmar. Eg skulle gjerne ha vore der lengre, snakka meire med folka og fått tid til ein tur i byen, men det får bli neste gong. Mi måtte tilbake til båten rundt kl.16.
Mi kom tilbake til Oslo i dag kl.10
Eg tok ingen bilder i kyrkja, men nokre cruise bilder vart det.

Adjø, Oslo!

Fin solnedgang på veg til København

Farvel, København!

Typisk Danmark

Baresso, sakn!

Ein kan ikkje vere på danskebåten utan å kaupe ein drink i baren. Eg lo, men gråt inne i meg;) Moro å sjå på dei som trur dei kan danse, og musikarane - ja dei song den eine slageren etter den andre. Topp stemning!
Tusen takk for ein kjekk tur, mamma!
Her har eg vore i dag: http://www.mercyhouse.no
Merchy house ligg i Lillestrøm. Dette er eit ressurssenter for menneske i ulike fasar. Ein veldig bra plass, og folka som jobbar der får ikkje noko lønn, respekt!

Har du sett filmen "Bienes hemmelige liv"? Eg fekk litt av den kjensla då eg var inne i det heimkoslege huset:)
Finfin laurdag! Endeleg var KOBAS frå Tryggheim tida (Kristin, Oddrun, Beate, Anita og Sigrunn) samla igjen. 5 år sidan mi var samla sist i bryllaupet til Anita og Svenni (07.07.07) Fyrst var mi eit par timar på Storo senteret, og kvelden var mi heime hos Anita. Taco stod på menyen. Ekstremt hyggjeleg å sjå alle igjen! + alle dei nydelege borna. Kjekt å vere reservetante:)



Litt om sondagen: Familiegudsteneste kl.17 med utdeling av 6 årsbok. Borna kom ein time før. Då fekk dei tskjorter, me lærte nokre songar og me gjekk gjennom ulike oppgåver dei skulle ha i gudstenesta. Alle 16 vart med i inngansgsprosesjonen, nokre delte ut salmebøkar, tok opp kollekt og dei var med og song med Tøff nok. Sjølsvagt fekk dei bøkar! Etterpå var det kyrkjekaffe. Kaker til alle og 6 åringane fekk pølse i brød. Hyggjeleg, men småhektisk kveld:)
Denne vika er eg på skulebenken att. Men skal jobbe i morgo kveld, då er det Knøttesang.
Ferien er over, og eg er i full gang i Oslo att. Tysdag var det jobb i Manglerud med Knøttesang på kvelden. Mi starta kvelden som vanleg med middag, så hadde mi ein kortare songstund enn det mi pleier å ha. Fordi barnekoret Tøff nok viste okkon eit påskespel istaden. Dette påskespelet skulle eigentleg ha blitt vist før påske, men sidan nesten ingen familiar meldte seg på, så vart det ikkje noko av. Dårleg gjort for dei ungane i Tøff nok som hadde øvd. Difor vart det vist no på tysdag, då mi visste at det kom ein del born og vaksne. Eg fekk det ærefulle oppdrage å vere soldat. Eg hadde funne ein drakt (trur eigentleg den tilhøyrte ein av dei tre vise menn) og eg hadde pakka sykkelhjelmen min inn i folie. Då eg tok Jesus til fange i Getsemane sa Jesus til meg: "Men du har jo bare på deg en sykkelhjelm jo, hadde du ikke råd til en ordentlig soldathjelm?" Eg trur ikkje det stod i manuset..
Onsdag var vanleg jobbedag i kyrkja.
Torsdag vart praksisdagen denne veka. Menneskeverd feira 10 års jubileum og hadde årsmøte på P-hotel. Ein fin og innhaldsrik dag.
Elendig bilde men.. Generalsekretær Liv Kjersti Skjeggestad til venstre. Ved pianoet sit Anette Fossum som var dyktig til å synge og spele! (Ho var med i koret til Åge Sten Nilsen i Det store korslaget.)
Sidan eg var i praksis på torsdag, så jobba eg i kyrkja på fredag. Dagen vart kort fordi eg hadde fått forkjølelse, takk Signe gullet;) Planen var å ta ein roleg kveld heime, men då Anne Marie, tidlegare kollega frå sjømannskyrkja ringte meg å spurte meg om mi skulle treffast, så kunne eg jo ikkje sei nei til det. Mi sat nokre timar på café - utruleg kosleg å skravle med ho att!
Laurdag holdt eg senga det meste av dagen - forkjølelse er noko drit, rett og slett! Men på kvelden var Ina og eg på Colloseum for å sjå Titanic 3D. Det at filmen var i 3D merka eg ikkje så mykje til. Men filmen er utruleg bra! Eg he sett den mange gonger før, det er ein fantastisk film. Leonardo er jo faktisk kjekk i filmen;)

I dag he eg vore i Langhus kirke i Ski. Fyrst gudstjeneste med kyrkjekaffe, deretter årsmøte for sjømannskyrkja Oslo og Akershus krets. Tidlegare he eg fått spørsmål om å stille til valg. Det takka eg ja til, men då hels som vara, for då er det berre for eit år. Hadde eg blitt valgt inn som fast, så hadde det vore for 3 år. Synest det var litt lenge, sidan eg ikkje he kontroll over kor eg er om eit år. Sjølv om eg er vara, så skal eg møte på kvart møte, som blir kanskje ein gong i månaden. 
Lite og dårleg bilete..men denne gjengen kjem eg til å bli betre kjent med det neste året.
(I dag he eg vore skikkeleg sausa. Helsigvis så skal eg ikkje i praksis i morgo. Planen er å ha ein lesedag heime. Satser på at ein lang natt søvn gjer underverker. For det kjem straks ein ny travel veke med blant anna årsmøte i kyrkja og babysong. Eg he ikkje tid til å vere sjuk!
Eg he det fint, travelt, men fint!
26, Nissedal
Sjømannskyrkjelivet i København er no over, men bloggen lever framleis. Eg bur no i Oslo. Studerar diakoni på Høyskolen Diakonova og eg jobbar som menighetspedagog i Manglerud kirke.